Lek på Strek er eit pedagogisk verktøy for fysisk aktiv læring ute i skulegarden. Det går i hovudsak ut på å spraye permanente oppteikningar på asfalten, og knytte leikar og oppgåver til desse. Ved hjelp Talbana og Bokstavbana i «lek på strek», kan du enkelt flytte delar av både matte og norsk undervisninga ut, og vere i fysisk aktivitet i desse tradisjonelle teorifaga.

I tillegg til gjengen frå Rensvik skule, var lærarar både frå Innlandet skule, Gomalandet barneskule og Dale barneskule med på kurset.

Kurset var initiert og lagt til rette for av Aktivportalen.no, og er ein del av Aktivportalen si satsing på Fysisk aktiv læring og Læring i friluft. Kurshaldar var Stig Johansen som til dagleg er inspektør ved Spjelkavik Barneskule, og initiativtakar til å etablere Lek på strek i Norge. Han har lang erfaring både i å drifte dette konseptet på eigen skule, og som kurshaldar.

I det isen og snøen slepp taket til våren, er det same kurset planlagt for fleire skular både i Kristiansund og Molde i samarbeid med Aktivportalen.no

 Vil du lese meir om Lek på Strek kan du følge denne lenka.

Ønsker du å bestille Lek på strek kurs gå til Ønsk deg eit kurs.

kommande kurs

Kategori