Aktivportalen tilbyr kurs og kompetanse innan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv for alle. Både til yrkesliv og eller privat bruk.

Aktivportalen er eit samarbeid mellom Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, Møre og Romsdal Fylkeskommune, Forum for natur og friluftsliv og Møre og Romsdal Idrettskrets. Målet er å heve praktisk kunnskap om fysisk aktivitet, og forståinga om kvifor vi skal vere fysisk aktive gjennom heile livet. 

Vi ønsker å samle alle kurs, seminar og andre arrangement, frå ulike aktørar innan fysisk aktivitet og friluftsliv i Møre og Romsdal på Aktivportalen.no. Her vil vi lyfte fram alt det positive som skjer innan dette feltet, og gjere det lett tilgjengeleg på tvers av organisasjonar, profesjonar, det frivillige og det offentlege. I tillegg har vi eit ønske om bygge eit nettverk gjennom vår Facebookgruppe.

Illustratør på Aktivportalen.no er Mari Watn.


Bli med i nettverksgruppe

Kontakt: post@aktivportalen.no

Tilbakemelding

Aktuelle lenke