Pris:900,-
Arrangør:Aktivportalen/Friluftsrådet Nordmøre Romsdal
Mål:Kombinasjon av uteleik, kunst og handverk, kroppsøving og mattematikk
Målgruppe:Barnehage til Videragåande skule
Stad:Der det er snø
Utstyr:Gode vintersko, vottar og uteklede etter veret.

På kurset for deltakarane både teori og praksis i korleis bruke snøformingsettet som Salten Friluftsråd har utvikla. Ein går praktisk gjennom korleis settet kan brukast, og opplegget varer ca 5-6 timar. 

Settet er ei kasse med vannfaste finerplater med hurtigkoplingar.  Det er relativt greitt å flytte rundt på - men på grunn av eigenvekta er det lurt å planlegge at ein er to vaksne på transporten til og frå der det skal nyttast.

Slik at du kan lage former som du kan fylle med snø. Etter at du har pakka snøen tek du vekk forma og har ein klosse som kan inngå som ein del av eit byggverk - eller som du straks kan forme til fantastiske snøskulpturar etter din eigen fantasi og skaparglede!

Om du ønskjer å lese meir om dette kan du gå inn på Friluftsrådenes Landsforbund å lese om og laste ned La det snø - snøformingsprosjekter her.

Snøforming Skaret
Dersom du ønsker å bestille dette kurset kan du kontakte oss via Ønsk deg eit kurs-siden

kommande kurs

Kategori